Nils-Jarle Sætre kandidat til årets hederspris’
Nils-Jarle Sætre frå Vartdal er ein av ti kandidatane til årets hederspris som avisa Sunnmørsposten deler ut.
Sætre har engasjert seg mykje for sjukdomen Alzheimer, og som mor hans døde av. Innsamling av pengar til forskning, og foredrag har gjort Sætre kjent over heile landet. Nyleg var han på Hellesylt og fortalde om mor si og sjukdomen.
Du kan lese det Sunnmørsposten skriv om hans kandidatur til prisen her;
-Mor til Nils Jarle Sætre, Jorunn Ingerd Sætre, levde med Alzheimer i ti år før ho døde i 2020. Sommaren 2021 gjekk Sætre, som er frå Vartdal, frå Stad til Galdhøpiggen, og samla inn éin million kroner til forsking på Alzheimer. Seinare har det blitt fleire turar, blant anna ein tur på 31 dagar frå Lofoten til Finnmark i 2023. På kviledagar under turane har Sætre halde føredrag om Alzheimer, noko han elles også har gjort utanom turane. Prosjektet til Sætre heiter «Til topps mot Alzheimer», og pengane han samlar inn går til forsking ved Kavli-instituttet i Trondheim,
står å lese i grunngjevinga til Sunnmørsposten.
På facebook skriv Nils- Jarle Sætre;
-Målløs, sjokkert, overrasket og veldig glad. Det ble mange følelser på en gang da jeg oppdaget at jeg er nominert til Sunnmørsposten hederspris. Det er en stor ære å bli nominert, spesielt når jeg ser på de flotte og verdige kandidatene som utgjør årets nominasjoner.
Gjev Di stemme til Nils-Jarle Sætre!