Lokalnytt

Norges fyrste hydrogenanlegg snart ferdig.

Like over nyttår startar produksjonen av grøn hydrogen opp her ved anlegget på Øyrane på Hellesylt.

Like over nyttår startar Norwegian Hydrogen produksjon av grøn hydrogen på Hellesylt. Anlegget på Øyrane er snart ferdig utbygd.

Det var tidlegare i år at Norwegian Hydrogen starta utbygging av anlegg for produksjon av hydrogen på Hellesylt, det fyrste i landet. Før jul blir det meste av byggearbeidet ferdig, og neste år i 2024 vil produksjon av hydrogen starte opp for fullt.
Det seier prosjektleiar Andras Wenaas Østigard. Han var innom anlegget på Hellesylt denne veka og såg at alt var i rute.

Anlegget på Øyrane blir Norges fyrste hydrogenfabrikk utbygd på eit vel 5.0 da. stort område.
-Her er det meste av utbygginga ferdig, men vi ventar på noko utstyr frå Tyskland. Difor blir det ikkje produksjon ved anlegget i år, men den opnar opp like over nyttår, seier Østigard.
I det siste har mykje av anleggsområdet blitt asfaltert og resten blir ferdig før jul.

-Eg gler meg veldig til å kome i gong med produksjonen. Det er gjort avtale med ein del kjøparar av grøn hydrogen alt, og vi håpar sjølvsagt at salet vil auke på etter kvart, seier Andreas Wenaas Østigard.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380