Ønskjer å bevare Bjørdal skulehus.
Dei som soknar til gamle Bjørdal skulekrins i Sunnylvsbygda ønskjer å bevare det gamle skulehuset i grenda. Dei har sendt søknad til Kulturminnefondet og fått positivt svar.
Bebuarar til det gamle skulehuset på Bjørdal i Sunnylvsbygda har sendt søknad til Kulturminnefondet om økonomisk støtte til vedlikehald av skulebygget.
Arbeidet er eit redningstiltak for ein eldre grendeskule i Sunnylven, i Stranda og Møre og Romsdal, skriv dei.
Elevar frå grenda går i dag ved Sunnylven skule på Hellesylt.
I søknaden heiter det;
-Skulen som ligg øvst i Sunnylvsbygda er ein av dei tre opphavelege grendeskulane i bygda, Hauge skule bygd i 1869, Bjørdal skule i 1871 og Frøysa skule i 1872.
Hauge og Frøysa er borte, og dermed er dette den eldste grendeskulen som er att i Sunnylven.
Sunnylven er namnet på den gamle kommunen som omfatta Hellesylt og Geiranger med bygdelaga Langedalen / Nibbedalen og Sunnylvsbygda og Geirangerbygda.
Bjørdal skule er oppført som kulturminne i matrikkelen, og står der oppført som bedehus», står å lese i skrivet til Kulturminnefondet.
Reknar opp bruksområde
Søkjarane skriv at huset kan bli brukt til arrangement, til dømes eit tilbod til ungdom i grenda, eller det vil bli vurdert om huset kan leigast ut til for eks. kunstnarar (atelier).
Heile kostnaden med reparasjon av det gamle skulehuset er berekna til å koste 395.540.- kroner. Rundt 80.000.- av dette er dugnad frå innbygjarane i grenda og eigne materialer.
Positivt svar på søknaden.
Den 19. desember kom svaret frå Kulturminnefondet med økonomisk støtte.
Tilsagnet vart noko lavare enn det som var søkt om, 180.000.- kroner. Beløpet blir gjeve til reparasjon av tak og fasade, og til kostnader med demontering og reparasjon av taktro og nye byggemateriale for tett tak med takrenner.
Det skal også reparerast vindu, og bygninga skal målast med tre strøk linoljemåling.
Vil ha reklame
I svaret frå Kulturminnefondet blir det skissert korleis deler av reparasjonsarbeidet skal utførast og at reparasjon og tiltak blir gjort på bestemt måte. Det er også ei forutsetning at det blir så få utskiftinger som mulig.
Og Kulturminnefondet set pris på omtale, og at mottakar av tilskotet gjerne har banner oppe som viser teksten; «Dette kulturminnet settes i stand med støtte fra Kulturminnefondet», skriv dei i svarbrevet.