Overrakt gullklokka for 30 år i hjørnesteinsbedrifta.

Karl Johan Espe har jobba hos Ole Ringdal AS i 30 år. Under julesamlinga for dei tilsette denne veka vart han overrakt gullklokke, Norges Vels medalje og diplom, og gode ord frå leiinga.
I 30 år har Karl Johan Espe delt jobben mellom gardsbruket sitt på Røyrhus med 25 mjølkekyr og 150 tonn mjølk, og kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt. Også jobben på Hellesylt har han skjøtta på aller beste måte i alle år og fekk han gullklokka og Norges Vels medalje for innsatsen.
Måndag før julaftan vart Espe heidra under lunchsamlinga i bedrifta på Hellesylt. Han har hatt ein produksjonsjobb han har skjøtta på beste måte, sa dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal i ei kort tale, men med mange gode ord til jubilanten.
Karl Johan Espe tok til hos Ole Ringdal AS i 1993. Etter 15 månader i jobben vart det 12 månader i det militæra, men etterpå kom han tilbake til hjørnsteinsbedrifta på Hellesylt. Her har han vore sidan og hatt fleire jobbar, både i slakteriet, som sjåfør og no dei siste åra i produksjonen. Der tok han sitt svennebrev som pølsemaker i 2005.
-Etter tretti år i bedrifta veit eg kva som må gjerast, kva som er viktig, seier Karl Johan Espe.
Espe fekk overlevert gullklokka og Norges Vels medalje med diplom, i tillegg til blomar og gode ord frå dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som såg tilbake på åra med ein trufast kar i produksjonen.
-Du har gjort ein fantastisk jobb, og du er ein av dei som tek med seg jobben heim. Det er ikkje få gonger du har ringt meg med spørsmål om ting som har vedkome bedrifta og hatt tilknyting til det vi produserer. Du har teke ansvar for jobben og det er vi i leiinga glade for, sa Ole A. Ringdal som la til at bedrifta har hatt arbeidarar i 50 år og meir så Espe hadde mange år igjen.
Karl Johan Espe var den 26 arbeideren hos Ole Ringdal AS på Hellesylt som fekk gullklokka og diplom etter 30 år i jobben.
–