Lokalnytt

Serverte musikalske innslag før budsjettmøtet

Musikklærar Erik Torset hadde med seg sju av sine elevar frå kulturskulen i Sunnylven til budsjettmøtet i Stranda kommunestyre onsdag. Dei fekk ståande applaus for flotte musikkinnslag.

Det vart eit langt budsjettmøte i Stranda kommunestyre onsdag 20. desember. Heile sju timar var dei folkevalde samla i Storfjord kulturhus til drøftingar og budsjettvedtak for komande år. No tek dei juleferie frå politikken.

Aller fyrst under møtet vart det musikalske innslag av elevar frå kulturskulen i Sunnylven. Lærar Erik Torset stilte med sju av dei same elevane som underheldt på julekonserten i Sunnylven kyrkje søndag 17 desember. Og frå podiet i kulturhuset serverte dei to melodiar, dei same som under kyrkjekonserten og hausta stor applaus. Vi trur dei imponerte dei folkevalgte.

Også lærar Erik Torset , lengst til venstre tok del under det siste innslaget.
Det var budsjettmøte i Stranda kommunestyre onsdag 20. desember, eit møte som varte i sju timar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380