Lokalnytt

Solsnubading søndag

Solsnubading på Hellesylt har hatt mange, fram mot tjuge på det meste.

På søndag 17. desember blir det Solsnubading på badestranda på Hellesylt. I år er det ti-årsjubileum for «julebadet» på Hellesylt.

Det blir Solsnubading på Hellesylt søndag 17 desember. Det skjer det på den same staden som alltid dei siste ti åra, på badestranda på Hellesylt.

Frå badesjefen Asle Ringdal har vi fått denne meldinga;
-Solsnubading blir i år søndag 17. desember. Vi fyrer opp bålpanna kl. 13.30 og hoppar i sjøen klokka 14.00. Som alltid kan vi garantere frisk temperatur i sjøen så vi håper alle tek med seg både nok klede og nisselue til bruk når dei kjem på land igjen. Vi serverer gratis gløgg og småkaker også i år-,
skriv sjefen for det spektakulære og friske julebadet Asle Ringdal.

Så då er det berre å møte fram på badestranda på Hellesylt søndag 17. desember til klokka 14.00.
Kanskje blir ikkje lufttemperaturen så aller verst, for vermeldiga lovar varmegrader i lufta. Men sjøtemperaturen vil nok vere av det kjølege slaget, kanskje 8.0 – 10.0 grader vil vi tru.

Solsnubading på Hellesylt blir arrangert for tiande gong i år. På det meste har rundt tjuge personar av damer, herrer og yngre delteke på det forfriande sjøbadet rundt solsnu før jul.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380