LokalnyttUkategorisert

Strålande julekonsert i gamleskulen.

Julekonserten i den gamle skulestova på Hellesylt vart ei vakker musikalsk stund for mange. Det sytte Bjarne Sjåstad t.v., Jostein Ringdal, Olav Elling Gausdal og Oddbjørg Stadheim for.

Det har gått fire år sidan det var julekonsert i gamleskulen på Hellesylt. Fredag 29 desember 2023 var nesten same musikarar og eit tallrikt publikum på plass i skulestova til ny julekonsert.

Det vart ein strålande julekonsert i gamleskulen på Hellesylt 5. juledag. Olav Elling, Bjarne, Jostein og Oddbjørg gleda eit talrikt publikum med både juletonar og anna vakker song og musikk.

Unge og eldre kom til konserten på gamleskulen der gode lokale song og musikkrefter hadde øvd inn eit variert repertoar og fekk takk for det heile med stor applaus. Ingen gjekk skuffa heim etter den halvannan time lange konserten, vil vi tru.

Olav Elling Gausdal spela gitar og introduserte rundt 15 songar, både julesongar og andre, og med seg hadde han Bjarne Sjåstad på el-orgel, og Jostein Rngdal slagverk. Og med Oddbjørg Stadheim som vokalist vart det ein både vakker og variert konsert som nær 60 applauderte viljug for.
Det vart ei musikalsk «julegåve» som alle sette pris på.

I løpet av 90 minutt fekk dei mange høyre fleire julesongar, men også anna populærmusikk, men kanskje var det dei kjente julesongar som gleda aller mest denne vakre desemberkvelden. Dei fire spela mellom anna «Julekveldsvise», «Det lyser i stille grender» og «Nordnorsk julesalme», men også andre som «Venner for livet», «Silver bell», songar som krydra kvelden smakfull og vakker.

I alt 15 songar vart framflørt i to avdelingar, delt opp av ein kaffipause som styret for gamleskulen hadde ansvar for.

Strålande, vakkert og gledeleg at den gamle skulestova frå 1897 kan nyttast til slike samkome. Det tykte også styremedlem i foreininga for gamleskulen Kari Hauso Stadheim som både ønska vel møtt og takka musikarane og publikum for konserten og frammøtet.

Rundt 60 personar kom til «Julekonsert» I den gamle skulestova på Hellesylt fredag kveld.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380