Lokalnytt

Sunnylven samfunnshus 50 år

Sunnylven samfunnshus etter ombygging i 2021.

For femti år sidan vart Sunnylven samfunnshus teke i bruk. Fredag 8. desember kunne bygdefolket markere jubileet med attersyn og kakefest i «nyesalen» på samfunnshuset.

Det var ikkje det store frammøtet då Sunnylven samfunnshus markert sitt 50-årsjubileum. Men timane vart triveleg på fredag ettermiddag med gode kaker, kaffi og eit attersyn i bilder, presentert av Inge Bjørdal.
F0ør det ønska styremedlem Ragnhild Stadheim alle vel møtt. Kanskje hadde også ho venta fleire, for kakebordet var rikt og hadde mange sortar å velge mellom.

Tidlegare styreleiar i Sunnylven samfunnshus, Inge Bjørdal presenterte eit attersyn på dei fyrste 50 år i tekst og bilder.

Det var mannskap frå entreprenør Rasmus Tomasgard som bygde samfunnshuset og skulen på Hellesylt tidleg på 70-talet. Bildereportasjen om Sunnylven samfunnshus viste frå fyrste arbeida på grunnarbeidet og fram til slik huset står i dag.Seinare har huset blitt påbygd og renovert, sist for to år sidan. Her i samfunnshuset har blitt arrangert mange tilstellingar av lag i Sunnylven, her har idrottslaget hatt miniturnering i storsalen, og der er blitt halde store folkemøte.Kanskje er Hellesylt UL den mest aktive brukaren utanom skulen. Her inviterer laget bygdefolk til fleire samkome, både grendakveldar, dansetilstelningar, underhaldning, kino, og møter i tillegg til framsyningar av skodespel.

Og det skjer stadig nye ting i bygda sitt store forsamlingshus. I haust starta det opp ungdomsklubb for elevar frå 7. til 10 klasse i eit mindre lokale i samfunnshuset. Her har brukarane fått rigga opp spel og meir og fått eit aktivitetsrom dei kan nytte ein kveld i veka.

Sunnylven samfunnshus er for alle i alle aldersgrupper, i god stand og eit viktig forsamlingshus for folket i Sunnylven.

Under festen vart det servert både kaffi og av ei tor jubileumskake

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380