Lokalnytt

Triveleg opning av advent i Sunnylven

Julegrana i Hellesylt sentrum blir tent søndag 3. desember klokka 15.00.

Dagane før, og fyrste helg i advent blir rik på handel og opplevelsar på Hellesylt.

Som vanleg opnar fyrste helg i advent på Hellesylt med både handel, servering og opplevingar. Her tek vi med noko av det vi veit som skjer frå fredag til søndag 3. desember:

På Hellesylt bensinstasjon blir det open kiosk fredag mellom klokka 16.00 – 21.00
Laurdag opnar kiosken klokka 12.00 – 19.00. og søndag 3. desember mellom klokka 14.00 – 20.00. Det blir sal av varmmat, kaffi, is og meir.
-Velkomen innom for eit godt måltid og ein hyggeleg prat, skriv leiinga ved kiosken.

På Sunnylven omsorgssenter er det adventsstund laurdag 2. desember klokka 15.30.
Her serverer Sunnylven sanitetslag kaffi, bløtkake og meir.

Laurdag 2. desember er det julemesse på Sunnylven samfunnshus mellom klokka 11.00 – 16.00. Her er gode tilbud på ei lang rad varer, både som julegåver og til hygge og pynt i heimen. Det blir også servering.

Søndag 3. desember blir julegrana i Hellesylt sentrum tent klokka 15.00, og Sunnylven skulekorps spelar.
Før det, frå klokka 13.00 – 15.00 er det juletombola på Sunnylven samfunnshus med masse flotte gevinstar og servering.

Seinare på søndag 3. desember blir det gudsteneste i Sunnylven kyrkje frå klokka 16.00. Årets konfirmantar tek del.

Som ein ser av oversikta skjer det mykje i Hellesylt fyrste helg i advent 2023. Møt fram og bli med på ei triveleg opning av advent i fint vinterver.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380