Vann skiskyting på Ullsheim
Elias Helset, Sunnylven IL har skiskyttarforma inne. Søndag 3. desember vann han si klasse i eit renn på Ullsheim med Markane IL som arrangør.
Det gjekk fort i løypa, men det var kanskje treffsikkerheita på standplass som avgjorde. Her vart det ein bom på fyrste skyting og full klaff på andre.
Han var to sekund føre Erik Stensaker Tvinnerein frå Hardbagg IL i mål (2+1). Nummer tre vart Edvard Haugen, Skjåk (0+2), 55.7 sek. etter vinnaren