Vil behalde legedag i Hellesylt
Stranda Frp går inn for å behalde ein legedag på Hellesylt. Det seier Frank Sve som hellesylt.info møtte på Molde før fylkestingsmøte denne veka.
-Kva skjer med legekontoret på Hellesylt, var spørsmål vi stilte Sve då vi møtte han på Molde under fylkestingsmøtet. Og han kom med ei gla`sak til innbyggjarane i Sunnylven.
Frp går inn for å behalde ein legedag i veka også i 2024. Det er lite å spare på å legge ned denne legedagen på Hellesylt og i staden sende pasietane til legekontoret på Stranda, meinte Sve.
Stranda Frp har fått redusert antall politikarar i den kommunale partigruppa i det siste. Dei fire som er igjen vil gå inn for at legedagen på Hellesylt skal halde fram også i 2024.
Sve sa at partiet vil legge fram forslag om dette på budsjettmøtet til Stranda kommune onsdag 20. desember.