LokalnyttUkategorisert

Vil styrke helsetenesta og oppvekst / kultur.

I Stranda kommune er det budsjettmøte onsdag 20. desember. Her blir mykje klubba igjennom utan endring, men eit par saker vil bli teke opp på møtet.

Vi har tidlegare meldt at Frp vi gå inn for å behalde legekontoret på Hellesylt også i 2024 når saka kjem opp i budsjettmøtet til Stranda kommune onsdag 20. desember. Det same går representantar for Krf, Ap og Sp inn for. På eit gruppemøte mellom dei tre partia denne veka vart dette vedteke;

-Forslag til endringar i Stranda kommune sitt budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027

Kom 131/23

Desse tre partia Krf, Arbeiderpartiet og Senterpartiet kjem med føljande framlegg til vedtak:

  • Helsetenesta vert styrka med kr 500.000. Løyving vert å dekke ved bruk av disposisjonsfond. Ein føresetnad for denne løyvinga er å oppretthalde legekontora i Geiranger og Hellesylt.
  • Budsjett for Oppvekst og Kultur vert styrka med kr 1.000 000. Løyving vert å dekke ved bruk av disposisjonfond-.

Uttalen er sendt Stranda kommune og underskrive av Øystein Strand Krf, Knut Dag Langeland Ap, og Gunhild Kvam og Jan Ove Tryggestad, begge Sp.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380