Bygger ut 100-meter standplass i Hyttehola.

Frå Sunnylven skyttarlag og Ola Vangen har vi fått informasjon om bygginga av ny 100-meters bane ved anlegget i Hyttehola. Og dei ynskjer seg hjelp!
-Skyttarlaget held for tida på å bygge ny 100-meter standplass i Hyttehola.
Den gamle standplassen frå 1988 blei reven i april 2023. Sida då har vi hatt inn både grunnentreprenør og byggentreprenør for å hjelpe oss. Per i dag står vi med tett bygg og hovudsakleg innvendig arbeid igjen. Resten av arbeidet er planlagt på dugnad etter at HT bygg avslutta sitt arbeid med oppføring og tett tak før snøven kom.
Styret har sendt ut dugnadsliste til sine medlemmar, og håpe dei kan bidra med det dei er oppsatt til. Gjerne endå meir om dugnadsånda er sterkt til stades. Om nokon andre i bygda er interessert i å hjelpe til har vi planlagt stort sett faste dagar (med nokre unntak).
Dei faste dagane er: Måndagar og torsdagar frå klokken 18-21, og laurdagar frå klokken 10-15. Ta gjerne kontakt med Ola Vangen om nokon skulle vere interessert i å bidra. Målet er å stå med ferdig bygg til ca. 1 mai.
i.