LokalnyttLokalsport

Deltok på krinsmeisterskap på Ålandsleitet.

Flotte representantar for Sunnylven IL. Frå venstre Alma, Emma, Tuva Marie, Trym, Ane og Elias.

Sunnylven stilte med 6 deltakarar då Hardbagg IL inviterte til krinsmeisterskap i skiskyting på Ålandsleitet laurdag. Dette var årets fyrste skiskytarrenn då rennet som skulle vore arrangert fyrste helga i januar på Harpefossen vart avlyst på grunn av kulde. Det var fine forhold i løypene laurdag. 6-8 minusgrader og litt snøv i lufta utover løpet.

I den yngste klassa J/G 10 Nybegynnar og yngre deltok Alma Hole Flo. Ho slo til med to fulle hus. I denne klassa vert ikkje deltakarane rangert.

Alma er klar til start.

I klassene J11, J12 og J13 deltok henholdsvis Emma Korsbrekke, Ane Brenne Ringdal og Tuva Marie Korsbrekke.

Emma kom på andre plass i si klasse bak vinnaren Marie Smørdal Hjelle frå Stårheim.

Frå venstre: Emma Korsbrekke (Sunnylven IL), Marie Smørdal Hjelle (Stårheim), Andrea Årseth Balsnes (Stårheim)

I J12 var Ane einaste deltakar. Ho fekk 1 bom på fyrste skyting, men på andre skyting var det fullklaff.

Ane skaut 9 treff på normalprogrammet laurdag.

I J13 vart Tuva Marie nummer 2 bak Brita Svarstad Heggdal frå Markane IL.

Tuva Marie vart nummer to i klasse J13.

Trym Helset deltok i G16. Han måtte sjå seg slått av Truls-David Takle Tytingvåg frå arrangørklubben og vart dermed nummer to i klassa med 4 bom totalt

Elias Helset representerar Sunnylven IL/ Stryn VGS. Elias hadde ikkje heilt klaff på standplass laurdag og det vart tredjeplass. Vinnar  i denne klassa var Eirik Stensaker Tvinnereim frå Hardbagg IL.

Det er nye sjansar for løparane frå Sunnylven allereie i morgon. Då er det sprintrenn, også dette på Ålandsleitet. I følgje påmeldingslistene skal Sunnylven då stille med fire løparar.

Alle foto: Anne Karin Brenne Ringdal.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info