Kaldt på Tronstad
Temperaturen har falle i Sunnylven det siste døgnet, og no nærmar det seg bitande toppnotering.
Eit høgtrykk frå aust har kome inn over heile landet, noko som ha gjort at temperaturen har falle til fleire kuldegrader, også i Sunnylven.
Så langt er det Tronstad som er den kaldaste staden no. Klokka 06.00 i dag fredag 5. januar vart der målt minus 24.0 grader, fortel Geir Støverstein.
Dagen før var det berre halvparten så kalt med minus 12.0, så det skifter fort. Den dagen var det 15.0 på Langeland ved Karbø.
Også i Bygda var det kaldt 5. januar med vel 15.0 grader på Storstein, 19.0 ved Øie bru.