Kjent person til Storfjord kulturhus
Professor Gunnstein Akselberg kjem til Stranda og Storfjord kulturhus tysdag 13. februar.
Professsor Gunnstein Akselberg, kjent frå Eides språksjov ausar av kunnskapen sin i Stranda kulturhus tysdag 13. februar klokka 18.30. Med humor og glimt i auge fortel han denne kvelden om opphavet til ord og uttrykk, om rett og feil språkbruk, og kva som påverkar språket i dag.
Det blir dialog med publikum, spørsmål og svar.
Møte er eit samarbeid mellom Stranda mållag, Stranda sogelag og Storfjord kulturhus.
Billettar vert seld i døra, kr. 150.- pr. person. For medlemer kr. 100.-