Lokalnytt

Mykje folk i kyrkja nyttårsafta.

Ann Kristin Langeland.

I Sunnylven kyrkje samla kyrkjelyden seg til ei hjartevarm og stemningsfull nyttårsgudsteneste. Ann Kristin Langeland leia forsamlinga gjennom ein seremoni akkompagnert av vakre tonar frå musikarane Janne Urkegjerde og Gunnhild Overvoll.

Gunnhild Overvoll på piano og Janne Urkegjerde på fele.

Heile 85 personar hadde funne vegen til kyrkja denne spesielle kvelden for å markere overgangen til det nye året og få ein time med ettertanke, lystenning og fellesskap.

Inghild Storstein.

Tradisjonen med fakkeltog og samling i kyrkja og nyttårsafta går tilbake til 1999. Under samlinga var det tekstlesing av Inghild Storstein, Astrid R. Ringdal og Ingebjørg Sårheim Fivelstad.

Astrid R. Ringdal og Ingebjørg Sårheim Fivelstad.

Eit høgdepunkt var allsangen på «Deilig er jorden». Denne kjente og kjære julesalmen sunget med inderligheit og glede markerte avslutninga på samlinga.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info