Slektsband til Sunnylven for Mattis Stenshagen
Langrennsløpar Mattis Stenshagen går fort på ski. Farmor til den gode løparen, som er mellom verdens beste kom frå Sunnylven, nærmare bestent frå Ytste Åkneset.
Norge har mange gode langrennsløparar denne vinteren. Ein av dei er Mattis Stenshagen, Follebu IL, men med bustad i Oslo.
I helga 19. til 21. januar var han mellom fleire langrennsløparar og representerte Norge i løypene i Sefeld. Der viste han styrke mellom verdenseliten og gjekk til topplasseringar både individuelt og på stafett for Norge, skriv Per Jarle Matvik som kjenner godt slekta til den gode langrennsløparen, og fortel dette:
-Farmor til Mattis kom frå Ytste Åkneset og heitte Gunnhild Kristine Åkernes. Ho var nummer seks i ein søskenflokk på tolv.
I vaksen alder reiste ho og ein bror saman med eit søskenbarn austover og fekk jobb på Skeikampen hotell. Der møtte Gunnhild mannen sin, ein kjekk kar som heitte Guttorm.
Det blei giftermål og etter kvart fem born, to jenter og tre gutar. Den nest eldste guten fekk namnet Leif Roger og han er far til langrennsløparen Mattis Stenshagen.
Familien Stenshagen er ofte på Hellesylt og med tur til Ytste Åkernes. Før Gunnhild Kristine og Guttorm døde var også dei med, det var ikkje ein god ferie til Hellesylt utan å ta turen også til Ytste Åkernes tykte Guttorm. Spesielt lika han godt å fiske i Furnesvatnet, skriv Per Jarle Matvik, og legg til;
-Ein draum for meg hadde vore om Mattis Stenshagen kunne kome til Hellesylt og ha langrennstrening for ungdom og ungar!
Det hadde vore stort for fleire enn Per Jarle vil vi tru. Og kanskje kan det skje, kanskje alt til sommaren!