Lokalnytt

Snart kjem skuleelevar med fastelavnsris

Denne veka vart meir enn hundre fastelavnsris klargjorde for sal i Sunnylven. Siste «stasen» med farga fjør var gjort av fjorten damer.

I alt 14 damer møtte på Sunnylven sanitetlag sitt møterom på kykjelydshuset siste tysdag i januar. Der hadde dei oppdraget med å klargjere alle fastelavnsris som laget sel, for til helga kjem elevar frå 8. klasse ved Sunnylven skule rundt for å selge dei flotte bjørkerisa. Inntekta går til helsetiltak innan organisasjonen, god kvinnehelse på fleire måtar.

Unge og eldre medlemer i sanitetslaget tok del i den siste klargjeringa og pynting av fastelavnsrisa. Det vart rundt hundre fargeglade og vakre risbukettar som skuleelevane heilt sikkert får selt og som vil pynte opp i fleire stoverom rundt om i Sunnylven. (Alle foto: A.M. Hauge Ljøen)

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380