Lokalnytt

Snart sel Sanitetslaget fastelavnsris

Snart kjem elevar frå 8. klasse ved Sunnylven skule rundt og sel fastelavnsris.

Søndag 11. februar er fastelavn. I tida rundt denne dagen kjem elevar frå 8. klasse ved Sunnylven skule rundt og sel fastelavnsris til inntekt for fleire gode helsemål.

Medlemer i Sunnylven sanitetslag lagar kvart år mange flotte fastelavnsris, pynta med fargerike fjør. Også i år er laget aktivt med og har fått hjelp av elevar i 8. klasse ved Sunnylven skule med salet.

Sanitetsforeningene rundt i landet får inn 8-10 millioner kroner på salget, som går til organisasjonens forskningsarbeid og til gode tiltak i eige nærmiljø. Midlane går også til meir og betre forskning på kvinnesjukdomar. I år ønskjer Sanitetskvinnene å gi meir oppmerksomheit på lidelser og sykdommer knyttet til svangerskap og fødsel. Ein betydelig andel av kvinner i Norge får si helse og livskvalitet forringa av sykdom og lidelser før, under eller etter svangerskapet, og nokre får varige mén etter fødsel.
Sanitetskvinnene har ein lang tradisjon for å jobbe for å betre mor-barn helse gjennom eit godt svangerskap der fødsel- og barseltilbud er viktig for kvinners helse.  Og gjennom eit forsvarlig svangerskaps-, fødsel- og barselomsorg sikrer det beste tilbudet for den fødande, partner og barnet.

I år vil 8.klassingane ved Sunnylven skule kome rundt i bygda og selje fastelavnsris. Sunnylven sanitetslag håpar alle vil ta godt imot dei og støtte med kjøp av fastelavnsris, og mellom anna forskning på kvinnesjukdomar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380