Lokalnytt

Årsmøte i Stranda mållag

Det blir årsmøte i Stranda mållag tysdag 27. februar klokka 19.00. Møtet vert halde i formannskapssalen i kommunehuset Øyna.

Fleire saker står oppført på saklista til årsmøtet i Stranda mållag.

Som fyrste sak etter godkjenning av innkalling er val av møteleiar og skrivar.
Årsmelding og rekneskap for 2023 blir lagt fram, og deretter budsjett for 2024.
Som sak 6 står oppført fastsetjing av lokallagskontingent for 2025, og deretter er det val av styre med leiar, styremedlemer, varamedlemer , revisor og valnemnd.
Vidare skal utsendingar til årsmøtet i Sunnmøre mållag velgast.

På årsmøtet blir det også orientering om prosjekt nynorsk i lokalt næringsliv, og det blir orientering, eventuelt val av utsendingar til Landsmøtet i Noregs mållag.

Om medlemer vil melde noko, eventuelt ta opp saker på årsmøtet, ber ein om at dette vert gjort i veka før årsmøtet, til Anders Folkestad, e-post; anfolkestad@gmail.com

På årsmøtet blir det utdeling av Målprisen, og ordførar Einar Arve Nordang blir til stades og orientere om saker frå Stranda kommune.

Styret ønskjer vel møtt til årsmøtet i Stranda mållag der det blir enkel servering.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380