Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven Idrottslag

Tarjei Korsbrekke, leiar i Sunnylven IL.

Sunnylven Idrottslag kallar inn til årsmøte onsdag 13. mars kl. 20.00. Møtestad er Sunnylven samfunnshus.

Det blir årsmøte i Sunnylven IL onsdag 13. mars klokka 20.00 på Sunnylven samfunnshus.
På saklista står vanlege årsmøtesaker med val.
Om nokon som står på val ikkje ønskjer attval, blir dei bedne om å ta kontakt med leiar i valnemnda, Per Ingebrigt Karbø, tlf. 913 24 084 før 28. februar.

I innkallinga står det også at om nokon har saker dei ønskjer at årsmøtet skal behandle, må dei gje melding til styret ved Tarjei Korsbrekke innan 27. februar.

Vidare står det at om nokon vil engasjere seg for idretten i Sunnylven, er dei hjarteleg velkomne til å ta kontakt med valnemnda eller styret.

Fullstendig sakliste kjem ut seinast ei veke før årsmøtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380