Årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag
Torsdag 15. februar er det årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag. Møtet er klokka 15.00 og møtestad er Sunnylven kyrkjelydshus.
I tillegg til vanlege årsmøtesaker får Sunnylven pensjonistlag denne gongen besøk frå nabobygda Stranda.
Solfrid Blindheim kjem med Ord for dagen, og ordførar Einar Arve Nordang besøkjer Pensjonistlaget for fyrste gong. Han vil orientere om aktuelle saker for Stranda kommune, og det blir høve til å stille spørsmål til den nyvalgte ordføraren.
Under årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag blir det servering med pølse og potetstappe, og i tillegg blir det kaffi og sjokolade, står å lese i innkallinga frå styret. Til slutt blir det tombola.
Styret i Sunnylven Pensjonistlag har denne samansetjing;
Astrid Langeland, leiar, Odd Jostein Bjørdal, nestleiar, Håkon Hasle, skrivar, Magnar Bjørdal, Mia Ystebakk Sjåstad, Eli Westphal, styremedlemer.