Årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag

Astrid Langeland held fram som leiar i Sunnylven Pensjonistlag. Som styremedlem held Håkon Hasle fram, medan Lars Fivelstad vart nytt styremedlem i staden for Magnar Bjørdal.
Det var bra frammøte på årsmøtet i Sunnylven Pensjonislag som vart halde på Sunnylven kyrkjelydshus torsdag 15. februar. Til stades på årsmøtet var også Solfrid Blindheim som heldt Ord for dagen, og ordførar Einar Arve Nordang som informerte om saker frå Stranda kommune, og svara på spørsmål.
Årsmelding
Håkon Hasle la fram årsmelding for 2023, eit attersyn som fortalde om god aktivitet og mange turar til nærområder for medlemane.
Frå årsmeldinga tek vi med at laget har jobba godt for å behalde legekontor på Hellesylt, fleire av medlemane besøkte utstillinga Strandaindustrien si historie, det var turar til kafear i Austefjorden og til Kristian Gard, og fleire møtte då Sparebanken Møre inviterte til treff med servering på Hotel Union Øie.
I tillegg arrangerte laget jonsokfeiring, Kari Svendsen, eller «Banjo-Kari» besøkte laget, og Nils Jarle Sætre fortalde om Alzheimer på møte på Sunnylven samfunnshus der om lag 70 møtte fram.
Og 80 medlemer kom på julebord i Pensjonistlaget der det var songinnslag og julerefleksonar. I tillegg delte laget ut fleire pengegåver i 2023, og det vart andre gåver både til Sunnylven skule og andre.
Årsmeldinga vart samrøystes godkjent med aklamasjon.
Rekneskap
Samrøystes godkjent vart også rekneskapen for Sunnylven Pensjonistlag. Rett nok hadde bankinnskotet gått ned med ca. 30.000.- kroner, men like fullt har laget 271.000.- i banken.
Nestleiar Odd Jostein Bjørdal presenterte tala for årsmøtet, utan at det kom merknader.
Sjølv om rekneskapen kom ut med underskot for 2023 slo Bjørdal fast at økonomien var god.
Og revisor hadde ingen merknader og skreiv at rekneskapen var rett og kunne godkjennast, noko årsmøtet gjorde samrøystes.
Val av styret
Val på årsmøtet vart leia av Oddmund Fivelstad i valnemnda, og val av styremedlemer fekk slikt resultat:
Astrid Langeland, attval for 24 – 25.
Håkon Hasle, attval for 24 – 25
Lars Fivelstad, ny og valgt for 24 – 25
Styreleiar blir valgt kvart år. Astrid Langeland vart attvalgt for 2024.
Dei andre i styret er: Odd Jostein Bjørdal, Mia Ystebakk Sjåstad, Eli Westphal.
Varamedlemer til styret: Anne Lise Hasle, Berit Hole, (ny)
Revisor: Oddbjørn Tryggestad.
Valnemnd: Reidar Brekke (ny), Bjarne Sjåstad (ny).