Lokalnytt

Det blir Hellesyltdagar i juli

Desse to figurane blir nok å sjå under Hellesyltdagane også i år. Dei reklamerer for det store andesleppet, siste post på programmet den store sommarhelga.

Det blir Hellesyltdagar i juli, det vart bestemt på eit møte på Hellesylt onsdag denne veka. Og opplegget blir stort sett det same som tidlegare år.

Under møtet på Sunnylven samfunnshus onsdag møtte nær tretti personar for å diskutere og prate om årets store sommarhelg på Hellesylt. Der vart det bestemt at årets Hellesyltdagar skal vere i helga 5. til 7. juli. Ein komite er alt i arbeid og la fram tankar om arrangementet.

I komiteen er desse med;
Stig Tryggestad, Anne Lise Lødøen Helset, Knut Dag Langeland, Marianne Fivelstad og Geir Støverstein.
På møtet kom det fram at årets Hellesyltdagar blir stort sett som tidlegare år. Ein suksess er sjeldan lurt å endre på så difor kjem dei populære postane på «kartet» også denne gongen.

I Sunnylven kyrkje blir det konsert på fredag, og på Hellesylt stadion blir Hellesyltløpet arrangert laurdag. Frå utescena i sentrum blir det musikalske innslag både laurdag og søndag, og det blir underhaldning, konkurransar, opplevingar, utstillingar i sentrum med mykje god servering frå fleire i fint sommarver.

Arrangøren håper at mange kjem til Hellesylt og byd fram produkt av fleire slag, ting som kan friste mange til å ta turen til Hellesylt, til folkerike Hellesyltdagar nok eit år.

Under møtet på samfunnshuset vart det opplyst at kunstsenteret Hægstad Gård blir opna denne sommaren med opa kunstutstilling og kafe.
Møtet onsdag var det fyrste i høve Hellesyltdagane 2024, men mykje skal på plass så det blir nok  fleire etter kvart. Dagane er eit stort arrangement for ei lita bygd så arrangøren håper på hjelp frå fleire, også utflytte sunnylvingar. – Vi treng friviljuge, så om nokon ønskjer å hjelpe med noko er vi takksame for det, vart det sagt.

Om nokon ønskjer å ta kontakt med arrangøren av «dagane» om eit eller anna, eller om ein ønskjer å delta med sal eller som sponsor kan ein nå fram ved å sende e-post til stands@hellesyltdagane.no

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380