Lokalnytt

Får besøk og skal på tur

NRK-journalist Roger Severin Bruland.

Sunnylven Pensjonistlag har klart eit variert program for besøk og reiser i 2024. Kvar månad skjer det noko dei vel hundre medlemane kan vere med på.

I mars kjem NRK-journalist Roger Severin Bruland til Hellesylt.
Måndag 25 mars blir han å høyre på Sunnylven samfunnshus der han fortel om opplevingar i Europa frå han starta i jobben i 2019. Bruland er gift med folkemusikar Britt Pernille Frøholm og etter rykter vil ho bidra med musikk på fela si.
Foredraget er delt i to økter med åresal, kaffi, saft og twist i pausen. Møtet startar kl. 19.00 og bill.prisen er kr. 100.-

Torsdag 11. april er det medlemsmøte på Sunnylven kyrkjelydshus.
Naturfotograf Dagfinn Johansen viser bilder frå mellom anna fjellgardar i Geirangerfjorden.
Det blir song og musikk, enkel servering, og tombola.

Torsdag 2. mai går turen til Ishavsmuseet på Brandal.
Bussturen startar frå Hægstad Gård kl. 11.oo og kostar kr. 500.- for tur og servering som blir potetball.
Påmelding til Astrid, mob. 906 75 234, eller Odd Jostein mob. 957 52 330.

Søndag 23. juni blir det jonsokfeiring i Trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter.
Det blir sal av rjomegraut, spekemat, kaffi og kaker.
Song -og musikkinnslag og tombola. Inga påmelding.
Dersom det blir «fylever» blir arrangementet på kyrkjelydshuset. Pris kr. 100.-

Dette er arrangement i Sunnylven Pensjonistlag som vart gjort kjent på årsmøtet 15. februar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380