Fyldig årsmelding frå Stranda mållag.

Stranda mållag held årsmøte i Formannskapssalen, Stranda tysdag 27. februar kl. 19.00. Under årsmøtet deler Stranda mållag ut Målprisen for 2023, og det blir helsing frå ordførar Einar Arve Nordang.
Vi «saksar» frå årsmeldinga;
Det har blitt halde ni styremøter og handsama 83 saker i Stranda mållag i 2023.
PÅ årsmøtet i Sunnmøre mållag var Stranda representert med Anders Folkestad, Inge Bjørdal og Martine Rørstad Sand:
Ellers har representantar frå laget delteke på vinterseminar i Ålesund, under Hellesyltdagane 2023, leiarsamling i Volda, og Kari Anne Kvistad tok del på Noregs Mållag sitt haustseminar i Oslo:
Det vart konsert på Kos med Stig Ulv 5. oktober med godt frammøte, og på same stad arrangerte mållageteit møte om Nynorsk i næringslivet
Målprisen kan vere eit verkemiddel i den samanheng ved å framheve bedrifter som nyttar nynorsk, står i lese i årsmeldinga.
Laget delte ut Målblomen for fyrste gong i 2023. Den gjekk til Lill Cathrin Gamlem.
Og Mållaget peikar på at læremiddel på nynorsk ikkje er tilfredsstillande, og nemner at den nye opplæringslova ikkje innehelddei tiltak og ressursar mållaget ønskjer seg.
På årsmøtet i fjor vart målprisen tildelt Helge Søvik og Reidar Lunde for arbeidet dei har lagt ned for skipinga av «Strandaindustriens historie».
Inge Bjørdal er medlem i valnemnda til Sunnmøre mållag , og Anders Folkestad har vore med i ei uformell arbeidsgruppe i regi av Sunnmøre mållag.
Stranda mållag hadde 77 medlemer i 2023, ein auke å 11 dei to siste åra.
Ellers har laget hatt fleire saker i lokalavisa Nyss det siste året. Lokalavisa er ein viktig kanal for påverknad og synleggjering, les vi i årsmeldinga.