Lokalnytt

Kallar inn til møte om Hellesyltdagar 2024.

Hellesyltdagane har alltid samla mykje folk. Til sommaren kan det bli ny folkefest.

Det blir ope folkemøte om Hellesyltdagane 2024 i Lillesalen på Sunnylven samfunnshus onsdag 28. februar. Arrangøren håper at mange møter fram.

Det er framleis vinterlege forhold, men snart blir det vår og sommar, og medlemer i den tidlegare komiteen for Hellesyltdagane kalla inn til folkemøte. Dei ønskjer å diskutere om Hellesyltdagane skal arrangerast også i år, og vidare innhaldet i eit arrangement i juli.
Hellesyltdagane har blitt arrangert andre helg i juli, men om det blir slik i år (12 – 14), eller fyrste helg (5 – 7) må også diskuterast.

Gruppa som kallar inn til møte oppmodar at mange møter fram slik at ein kan avklare om Hellesyltdagane skal arrangerast i 2024, og når.
Møtet blir i den lille salen på samfunnshuset onsdag 28. februar klokka 19.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380