Konsert i Lensmannsstova

Onsdag 21. februar blir det konsert i Lensmannsstova med Kristina Farstad Bjørdal og to andre dyktige musikarar, Åsmund Arnesen Farstad og Marius Berglund.
Onsdag 21. februar legg dei tre nemde musikarane ut på turne og fyrst stopp blir kl. 20.00 i Lensmannsstova på Hellesylt. Der var Kristina Bjørdal også i november 2021, den gong i lag med Asta Sofia Thorgeirsdottir.
Då som no har Kristina trekkspel på fanget sitt, dei to andre som er med på konserten, Åsmund Arnesen Farstad og Marius Berglund spelar fele og trekkspel.
Det blir ei gla`stund for alle musikkglade, trur vi på.
-Vi spelar mykje både runddans og bygdeperler frå Nordvestlandet der vi har ikledd desse slåttane litt meir arrangert konsertform, har Kristina uttala til arrangøren Synnøve Hjellbakk Hole, vertskap i Lensmannsstova.
I dagane etter konserten på Hellesylt held dei tre fram med musikalske tonar i Volda, Ålesund og på Nordfjordeid før dei avsluttar i Ørsta