Kulturbedehuset opnar i mai.
Verdsarvutstillinga blei fyrst opna på Hægstad/Peer Gynt Galleriet i mai 2018. Knapt to år etter blei galleriet avvikla, men i pinsa 2020 vart utstillinga flytta til bedehuset. I år er det opning i mai.
Av Anne Jorun Sæten
At lyskassa på 8mX3m som var spesiallaga til eine veggen i Peer Gynt Galleriet passa inn på mm i bedehuset er meir som eit underJ Det ligg mykje dugnadsarbeid i utstillinga, lokale eldsjeler har vore ein avgjerande ressurs for å få den ferdig og flytta til bedehuset.
Utstillinga har vore open og tilgjengeleg kvar sommar frå sommaren 2020 i perioden mai – september. Utstillinga er sjølvforklarande og ein treng ikkje guiding/vegleiing sidan alle plansjar er teksta på engelsk og norsk.
Utstillinga har vore svært godt besøkt kvar sommar. Det har vore mange besøkande frå turistskipa som har vitja Hellesylt, det har av og til også vore kø for å kome innJ
Utstillinga er slik utforma at den plansjane frå taket kan takast ned og ein kan fylle salen med stolar til konsert, kåseri og anna. Då blir panoramabildet frå Nokkenibba «bakteppet» for scena. Dei arrangementa vi har hatt har også vore svært godt besøkt, det har m a vore konsert med Britt Pernille Frøholm (2022) Sigrid Moldestad og Helge Lilletvedt (2023) Vi brukar å legge desse konsertane til Sommardagane på Hellesylt.
Utstillinga «Med naturen som inspirasjon »var nært knytt opp til Hellesylt sin store kunstnar, Oddvin Parr. På Hægstad hadde vi ein heil vegg som omtalte Oddvin Parr sitt liv og virke i tillegg er alle trerelieffa frå Peer Gynt i bygget. Då utstillinga vart flytta fikk vi naturleg nok ikkje dette med oss. Vi har hatt ein plansje om Parr ved scena, men no vil vi lage ein plansje i aluminium, lik dei andre i utstillinga. Desse plansjane er tosidige. Oddvin Parr skal vere portrettert på eine sida og Synnøve Hjellbakk Hole på den andre. Då får vi også med eit nytt portrett av ein kulturperson på Hellesylt, noke vi er glade for!
Plansjen skal etter planen vere ferdig til sesongopning i mai 2024. Vi vil då ha ei markering/opning av dette. Dette vil bli annonsert når det er klart. Likeeins vil vi kome tilbake med informasjon om kven som skal ha sommarkonsert i år.
Bedehuset, som er frå slutten av attenhundretalet treng etterkvart mykje vedlikehald. Vi vil derfor invitere til å bli støttemedlem slik at det kan bli mulig å gå igang med større vedlikehaldsoppgåver.
Enkelmedlemskap: 100 kr.
Familiemedlemskap: 200 kr
Bedrifter: 500 kr.
VIPPS 619511,
eller kontonummer 3910.69.30752