Lokalnytt

Mange kom til Cafe Snurrepipperier

Leiar i Bygdekvinnelaget Gunhild Kvam t.v. og styremedlem Grete Bjørdal framfor eit hundre år gamalt, stort dåpsteppe laga av Marta Stadheim. Ho har brukt plantefargar av eigen produksjon til farginga av ulla.

Mange kom på Cafe Snurrepipperier og utstillinga til Sunnylven Bygdekvinnelag på laurdag 17. februar. I storsalen på Sunnylven samfunnshus var fullt av gamle flotte vevde ting.

Det var vevde tekstilar som Sunnylven Bygdekvinnelag stilte ut på Cafe Snurrepipperier denne gongen. Her var store pledd som hadde pryda veggar, eller blitt brukt som klede på senger og liknande.

Også mindre ting som løparar på bord var der mange av, og mykje anna.
I det heile ei utstilling av vevde ting som mange kom for å sjå, ting og tepper som fortalde mykje om levemåtar og feststemte stunder mellom folk i gamle dagar.

Sunnylven Bygdekvinnelag hadde også servering av kaffi, kaker og karbonadesmørbrød i den vesle salen på samfunnshuset. Dit kom mange og fekk ein god prat med kjenningar etter å ha sett ei vellukka utstilling på ein værmessig fin laurdag.

Solveig Espe viser sengeteppe frå Hornindal. Teppet til høgre var frå 1850-åra meinte ho. Teppa som er plantefarga har også vore over til Amerika fortel plakaten.
Her ein del bord-løparar , vevde av Berta Helset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380