Ordføraren rosa Pensjonistlaget.
Solfrid Blindheim, Stranda hadde ord for dagen då Sunnylven Pensjonistlag heldt årsmøte 15. februar. Ordførar Einar Arve Nordang orienterte frå kommunen og rosa laget.
Etter faste årsmøtesaker og servering av pølse med potetstappe var det tid for den nyvalgte ordføraren Einar Arve Nordang å innta talarstolen. Sjølv om han er ny i jobben med å styre Stranda kommune, hadde han gode og tygge ord å kome med.
-Vi har mykje spanande framfor oss i Stranda kommune, god stemning med fred og fordraglegheit. Folketalet i komunen har gått ned, men vi har tru på at vi skal greie å stabelisere det, og greie å erstatte dei som går av med pensjon, sa han før det var tid for spørsmål frå salen.
Og spørsmåla dreia seg om mange ting, som boligbygging, om eldresenter, og dagsenter i bygda. Han fekk spørsmål om byggefelt i Rindalsåsen der tomtane minkar, og om legekontor på Hellesylt. Det var sendt opp til fleire brev frå Pensjonistlaget om denne saka, men svar har ikkje kome, vart det sagt.
Så kom spørsmål om Grand Hotel, kor lenge det skulle stå slik utan vedlikehald, undrast leiaren i Pensjonistlaget. Ho håpa kommunen kunne ta tak om det var noko som kunne gjerast.
Ordførar Nordang fekk som sagt mange spørsmål, men ikkje alt var det like lett å gje svar på. Men han var positiv og lova å følge opp spørsmåla så langt han kunne.
Han takka til slutt for at han fekk kome på årsmøtet, og han rosa Pensjonistlaget .
-Det er utruleg viktig alt som Pensjonistlaget gjer, sa ordføraren til slutt.