På premiepallen i Barcelona halvmaraton.
Kari-Anne Tryggestad Ryste deltok på halvmaraton i Barcelona i helga. Det gjekk godt og fort for seniorjenta med klubbnamn Sunnylven IL. Ho kom i mål til 3. plass i si klasse.
Det gjekk strålande i klassa for Kari-Anne Tryggestad Ryste under maratonløp i Barcelona i helga 11. februar. På sjølvaste morsdagen stilte ho til start på halvmaraton over vel to mil og kom i mål til ein flott tredje plass i si klasse som talde 284 deltakarar. Tida vart også kjempegod, 1.34.24.
-Det gjekk over all forventning, skriv Kari-Anne til hellesylt.info. Og totalt mellom 8272 damer som sprang Barcelona halvmaraton vart det ein 321. plass.
Ikkje rart at maraton-dama frå Sunnylven IL var nøgd med plasseringa, og tida var ei av dei beste ho har nådd sidan ho starta å løpe halvmaraton for 15 år sidan.
Forholda var fine under løpet som totalt med alle klasser samla 28000 løparar. Det var 12 plussgrader og sol frå skyfri himmel, fortel Kari-Anne Tryggestad Ryste.
Vi i hellesylt.info gratulerer så mykje med løpet!