Statleg tilskot til friluftstiltak
Søknader om statleg tilskot for friluftstiltak i Sunnylven gav positivt svar. Sanitæranlegg ved badestranda på Hellesylt fekk 204.000.- kroner, og til turvegen Flofjellet vart løyvinga 31.000.-
Etter søknad har kultur -og fylkesutvalet i Møre og Romsdal slutta seg til fylkeskommunedirektøren si innstilling om tilskot til tiltak i statleg sikra friluftsområder. Her vart vedteke følgjande tildeling i 2024.
Tilskot til sikring av turveg Flofjellet fekk løyving på 31.000.-
Søknad om tilskot til platting med rampe til sjø i samband med bygging av nytt badehus på Hellesylt fekk løyving på 204.000.- Her var kostnaden berekna til 1.6 mill. kroner.
Egil Røyrhus er kjent med forholda på Flofjellvegen. Kvart år er der ting å utbedre og i god tid før sommartrafikken startar må det ryddast både stein og anna etter små og store ras, seier han.
I år er det området frå Hestevika der trimposten er plassert vinterstid, og mot Stigholen og Flofjellet som må ha litt rydding. Der har det gått fleire ras rå fjellet, mellom anna ligg ein stor stein på turråsa som må sprengast, seier Røyrhus.
Vedlikehaldet av turvegen frå Vollset til Flo er eit samarbeid mellom kommunane Stryn og Stranda, og han håper ryddearbeidet vil starte i juni eller så snart snøen er borte.
Under same møte fekk også Hellesylt Ungdomslag eit tilskot på 204.000.- kroner til bygging av sanitæranlegg / lagerbygg på badestranda på Hellesylt. Bygget er kostnadsrekna til totalt 1.6 mill. kroner.
Det nye lager/sanitæranlegget til Hellesylt Ungdomslag på badestranda.