Lokalnytt

Tilbake i Lensmannsstova

Musikarar i Lensmannsstova onsdag kveld. Frå venstre Kristina Farstad Bjørdal, Åsmund Arnesen Farstad og Marius Berglund.

Onsdag 21. februar var Kristina Farstad Bjørdal tilbake i Lensmannsstova på Lillebø. Saman med seg hadde ho to andre dyktige musikarar, Åsmund Arnesen Farstad og Marius Berglund.

På nytt vart det ein flott konsert i Lensmannsstova då trioen med Kristina, Åsmund og Marius kom til Lillebø i Sunnylven onsdag kveld. I den største stova samla det seg etter kvart fullt med publikum som fekk oppleve eit variert repertoar av tre dyktige musikarar.

Kristina Farstad Bjørdal har vore med konsert i det gamle, våningshuset på garden tidlegare, då saman med mellom anna Asta Sofia Thorgeirsdottir som også spela trekspel. Denne gongen var det to trekkspel i sving, i tillegg til fele med Åsmund Farstad.

Konserten starta med friske tonar, «Kaffikokaren» av Jorunn Marie Kvernberg, og deretter vart det litt rolegare i valsetakt. Så kom ein ny reinlender før publikum fekk seg servert slåttar av Arne Sølvberg. Stryningen sine slåttar lika dei godt, kunne Kristina røpe. Og at det var populær musikk forstår vi godt. Det let seg avgjort høyre når det vart spela så godt som dei tre gjorde i Lensmannsstova.

Og slåttar kom frå mange deler av landet og av kjente folkemusikarar i ein vel timelang konsert. Med variasjon i takt og tonar fekk go`foten lette på seg hos mange, vil vi tru.
Det vart ein flott konsert der mange sikkert kunne ha tenkt seg ein svingom, men det var det ikkje plass til i dette konsertlokalet. Kanskje blir det ved neste høve når gruppa kjem til Sunnylven.

Ei triveleg kveldsstund må ta slutt, Den aller siste låten frå gruppa var Per Bolstad sin reinlender med namnet «Magnhild». Ei flott dame etter spel og framføring.
Men heilt slutt var det ikkje. Både husvertinna Synnøve og Gunnhild, ei veninne frå gruppa «Honndalstausene» hadde også leita fram felene sine for å ta del i siste avslutning. Det vart to feiande slåttar frå dei fem i lag, der vi lika aller best reinlenderen etter Ole Langøyli, ein eldre, lokal felespelar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380