Dagens Bilde

Aktivt jubileumsår i Gamleskulen

Foreininga Gamleskulen aktivitetsmuseum hadde 130 betalande medlemer siste år. Leiinga håper at medlemstalet vil halde seg også i 2024, heiter det i årsmeldinga.

Måndag 18. mars var det årsmøte i Gamleskulen aktivitetsmuseum på Hellesylt. Frammøtet kunne ha vore større, men årsmøtet vart gjennomført og sakene vedtekne.

Det har vore eit nytt, aktivt år i foreininga, kan vi lese ut frå årsmeldinga. På den gamle skulestova  frå 1897 vart det gjort vedlikehald også i 2023, og i bygget var det arrangert fleire samkomer.
Skulestova vart måla innvendig, ganggolvet vart reparert og ny kjellardør kom på plass. Også på loftet vart utført nokre reparasjonar, og der er det planer om å gjere meir vedlikehald i år, les vi frå årsmeldinga.

I den gamle skulestova har det vore fleire samlingar det siste året, som under Hellesyltdagane, det var besøk av fire klassesteg frå Sunnylven skule, og adventstilstelling 9. desember med musikk på det gamle trøorgelet med julesongar, kaffi og kaker.

2023 var 125-års jubileum for gamleskulen på Hellesylt. Året vart avslutta med konsert 5. juledag av Olav Elling Gausdal, Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal og Oddbjørg Stadheim. Då kom om lag 60 personar og fekk trivelege kveldstimar med julesongar og meir, og kaffi i ein pause.

I jubileumsåret gav Gamleskulen aktivitetsmuseum ut eit jubileumsskrift, sett saman av Odd Jostein Bjørdal. Som redaktør kunne han levere eit hefte på 60 sider og med mange fargebilete der vi føl historia til gamleskulen. Mange hefter er selde, berre 24 er igjen.

-Vi håper du framleis vil vere medlem og støtte opp om arrangement i den gamle skulestova på Hellesylt, heiter det til slutt i årsmeldinga.
Kontingenten for 2024 er kr. 100.-

Rekneskapen synte underskot for 2023 grunna mykje vedlikehald på bygget. Men ut frå arbeidsplan for 2024 vil påkostningar halde fram også i år, heiter det.
Både årsmelding og rekneskap vart samrøystes godkjent.

Styret for Gamleskulen aktivitetsmuseum er:
Arne Ringdal, leiar, Marit Ljøen, nestleiar, Odd Jostein Bjørdal, skrivar og kasserar, Kari Hauso Stadheim og Eldrid Skrede, styremedlemer.
Varamedlemer:
Fredrik Stadheim, Ann Kristin Langeland, Gunhild Kvam.
Valnemnd:
Liv Jorunn Sporstøl og Annvor Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380