«Dalarane» var dyktige.

Laurdag 23 mars inntok «Dalarane» scena i Sunnylven samfunnshus med grendakveld og flott program. Rundt 280 unge og eldre fylte salen i samfunnshuset på Hellesylt.
I år var det «Dalarane» sin tur til å arrangere grendakveld i Sunnylven saman med Hellesylt Ungdomslag. Dei er haldne for å vere dyktige programskaparar noko dei viste eit rekordstort publikum. Rundt 280 sat i salen på Sunnylven samfunnshus då programvert Geir Frøysa introduserte kvelden i morosame ord og vendingar.
Så kom aktørane frå dalen på scena i tur og orden med innslag som varte i ein god time, eit program der dei fekk fram mange og lange lattersalvar hos publikum i salen med applaus. La det vere sagt, programmet frå scena var topp, der var lite pandemi og anna elende som hemma dei rundt femten aktørane i å levere og more ein fullsett sal, og publikum mora seg.
Dalarane er gode på mangt, ikkje minst svinga det godt i musikkinnslaga der «gamleordføraren» var dyktig forsangar. Songen som liva opp forsamlinga handla mykje om tida som ordførar og det den nye som overtok gjekk ut og lova. Ville han makte å innfri det?
Dei var samla på Basecamp hotel på Hellesylt, ei litt falleferdig bygning med gjerde rundt. Der skulle det også vere kongeleg bryllup i løpet av året. Mykje måtte ordnast før vigsla i kyrkja, og kvar storhende mellom prinsessa og ektemaken skulle foregå. Kanskje ville plassen på meieritomta vere ei god løysing for bryllaupsdansen og anna dansenmoro på Hellesylt.
Seinare i revyen kom soknepresten i Sunnylven og fortalde om møtet med Durek, turen opp i kyrkja og vigslinga.
Eit innslag om Anniken Huitfeldt sin nye jobb vart også eitt av dei gode. Kommentar frå Karl Kristian Langeland, omkledd som den komande diplomatdama gjorde innslaget til eitt av dei bedre i revyen.
Og eit lenger innslag mellom to karar, den eine framleis i Dalen og den andre i himmelen var også ein gobit i programmet, men det innslaget vart kanskje i lengste laget.
Dette var litt av innslaga «Dalarane» serverte frå scena i samfunnshuset denne kvelden der dei avslutta ein time med eit triveleg program med nok ei sjølvskriva vise og med gamleordføraren som vokalist og forsongar.
Om vi deler ut karakter for grendakveldar så får Dalarane av det høgste på skalaen. Programmet var av det betre vi har sett frå scena i Sunnylven samfunnshus på grendakveld, så no er det Bygdarane sin tur å sete saman godt og gale til program på Grendakvelden neste år.