Lokalnytt

Elias Helset god i Norgescup

Elias Helset, Sunnylven IL gjorde gode løp under Asko Norgescup i Trømsø. (Arkivfoto)

I Tromsø var det Asko Norgescup i skiskyting siste helg. Her deltok Elias Helset, Sunnylven IL og Stryn vidaregåande skule med flotte resultat.

Vi tek med resultat som hellesylt.info har fått tilsendt frå renna i Trømsø.

-På normalen på fredag låg Elias på 2. plass inn til 3. skyting, men det blei litt for mye bom på dei to siste skytingene slik at han endte på en 17. plass (av 41 startende).Men på sprinten på lørdag fekk han ein fin 3. plass (av 41 startende), med berre ein bom på stående skyting.

På stafetten NM Mix 17-19 år gjekk Elias 3. etappe saman med Mari Sofi Meland (Markane IL) som hadde 1. etappe, og Eirik Stensaker Tvinnereim (Hardbagg IL) på 2. etappe. Dei kom på 15. plass av i alt 31 lag i denne klassa.

Elias er no rangert som nummer 8. i Norgescupen M19, og er klar for finalen som blir arrangert på Geilo første helga i april. Det er dei 30 beste i landet for kvar klasse som får delta i finalen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380