Fullt hus på kvinnedagen
Sunnylven Bygdekvinnelag inviterte til markering av kvinnedagen 8. mars på Sunnylven kyrkjelydshus. Svært mange kom og der fekk dei høyre Golala Razai og Iris Fivelstad fortelje frå sine opplevingar og yrkesliv.
Meir enn hundre møtte fram på Sunnylven kyrkjelydshus på kvinnedagen fredag 8. mars. Her vart det mykje godt prat, servering av internasjonale rettar, loddsal og ikkje minst fekk forsamlinga høyre Golala Razai og Iris Fivelstad fortelje opplevingar frå sine kvardagsliv.
Leiar i Sunnylven bygdekvinnelag, Gunhild Kvam ønska vel møtt til den store forsamlinga som hadde alder frå to månader til rundt 90 år. Berre to menn møtte på det opne møtet til bygdekvinnelaget denne dagen.
Reise på sjø og land
Golala Razai er frå Iran, men kom til Stranda for seks år sidan. Då hadde ho opplevd mykje vondt i heimlandet sitt og la ut på tur til Europa rundt 2015.
Heimlandet Iran var ikkje godt for kvinner. Det vart mange restriksjonar etter kvart, mellom anna med tildekka klededrakter. Også ande levereglar gjorde at Golala og fleire i familien ville vekk frå dette landet.
Etter ei reise gjennom mange land både med overfylte båtar med fleire hundre om bord, og etter landeveg kom ho til Stranda. Det var ei fårleg reise til Europa, med det gjekk bra.
Golala Razai kom til Norge og etter kvart til Stranda på Sunnmøre for seks år sidan. No jobbar ho som kantineansvarleg ved Stranda vidaregåande skule, og har deltidsjobb på Coop Hellesylt.
I forsvaret
Iris Fivelstad, født og oppvaksen på Fivelstad i Sunnylven, har sin jobb i Det Norske forsvaret. I mange år segla ho ute om bord på både u-båt og andre krigsskip, men har no gått på land og jobbar i Forsvarsstaben i Oslo.
Iris hadde mykje å fortelje, både frå yrket og frå situasjonar der ho hadde møtt kollegaer. Det vart ei «reise» gjennom eit spanande liv i den grøne drakta som Iris kunne fortelje om. Kvinner i yrkesstaben i Forsvaret var i mindretal, man auka etter kvart. Kvardagen kunne by på situasjonar som ikkje alltd var behagelege, men det hadde gått bra og ho gav uttrykk for at ho trivdes i yrket sitt. Det var eit viktig yrke som også fleire kvinner burde vurdere å gå inn i, meinte ho.
Servering og loddsal
Etter dei to fordraga var det tid for matservering. Og sjølvsagt vart det internasjonale rettar denne kvelden dei mange kunne forsyne seg av. Namna på rettane var ukjente, men dei smaka godt etter det vi kunne sjå. Dei fleste skåler og fat var tomme etter at måltidet var over.
Så var det tombola og utlodding av gevinstar, noko bygdekvinnelaget måtte ha for at det skulle gå i hop økonomisk då heile arrangementet var gratis.
Det vart ein fin kveld med godt frammøte der også damer frå nabobygdene Stranda og Hornindal var til stades på kvinnedagen 8. mars i Sunnylven.