Lokalnytt

Fyrste frå Helsetkopen

Langfredag landa fyrste fjellflygar frå Helsetkopen i år. Flygeturen og landing gjekk utan uhell i strålande sol, heilt til flatene på Storstein for karen med den raude fallskjermen.
Då er sesongen for fjellflygarar i gong, den fyrste, men truleg ikkje den siste frå det 1246 meter høge fjellet.

RETTING!

Fjellflygaren kom ikkje frå Helsetkopen, men frå sætra i Liadalen. Til Helsetkopen er der nok for mykje snø å vade i enno. Men like fullt, ein flott og imponerande flygetur vart det.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380