Grilltreff på Vardegjølet
I fint ver andre søndag i mars var fleire samla til grilltreff på Vardegjølet.
Sola varma godt for dei 22 som samlast på Vardegjølet søndag 10 mars der det vart fyr i bålpanna for grilling av pølser og meir. Grillplassen på Vardegjølet øvst på Berga i Sunnylvsbygda har blitt lite brukt dei to åra etter at det heile vart rydda og sett i stand. Kanskje treffet denne søndagen kan vere byrjinga på det fyrste, og viktig for at plassen blir brukt meir.
I alle fall så kosa dei seg dei 22 store og små som kom til grilltreffet søndag 10. mars