Gudstenester i påska i Sunnylven.
I påska blir det to gudstenester i Sunnylven kyrkje, om kvelden på langfredag, og høgtidsmesse på søndag 1. påskedag.
Langfredag blir det kveldsgudsteneste kl 18.00. Då blir det mykje fin song og musikk, skriv sokneprest Ann Kristin Langeland i e-post til hellesylt.info.
Oddbjørg Stadheim, Ingeborg Stadheim og Olivia Frøysa Hånes vil alle tre synge og Gunnar Inge Eide spelar orgel og piano.
Det vil også bli tid og rom til lystenning og refleksjon. Ann Kristin Langeland leier samlinga.
På 1. påskedag er det høgtidsgudsteneste klokka 11.00.
-Vi gler oss til å få synge dei fine påskesalmane og til å dele påskebodskapen. Gunnar Inge Eide er organist også då, skriv Ann Kristin Langeland, og legg til;
-Vi håpar å sjå både fastbuande, hyttefolk og tilreisande i kyrkja i påska. Alle er hjarteleg velkomne.