Lokalnytt

Held fram som leiar i samfunnshuset

På årsmøtet i Sunnylven samfunnshus vart Eivind Louis Helset samrøystes attvald til leiar.

Eivind Louis Helset held fram som leiar i foreininga Sunnylven samfunnshus. Det vart vedteke på årsmøtet nyleg. Barbro Lade kom inn som nytt styremedlem.

Det var raude tal i rekneskapen for Sunnylven samfunnshus i 2023. Forsamlingshuset på Hellesylt har gjennomgått ei betydeleg opprusting, og foreininga står i dag med ei gjeld på 1.9 mill. kroner.

Likevel er ikkje situasjonen håplaus då ein forventa å få inn 1.0 mill kroner i tilskot til den gjennomførte opprustinga dei to siste åra, vart opplyst på årsmøtet.

Ei fyldig årsmelding fortalde om god aktivitet på huset også siste år.
Den 8. desember i fjor feira huset 50 år med kakefest og meir der omlag 40 gjestar kom.
Høgdepunktet i 2023 var likevel framsyninga av filmen Mission Impossible 7, der deler av filmen vart spela inn på fjellet Helsetkopen i Sunnylven. Det vart selt 260 billettar til to framsyningar.

Hausten 2023 kom ungdomsklubben «Fristaden» der rundt 15 ungdomar engasjerer seg. Her er rigga med sofa, bord og stolar, lampar og bokhyller. I tillegg har ungdomsklubben fleire spel, og ungdommane har høve til å nytte også samfunnshussalen til aktivitetar. står å lese i årsmelding for Sunnylven samfunnshus.

I tillegg har både den store og vesle salen i samfunnshuset blitt nytta til fleire møtet gjennom året 2023.

Val.

Styret i Sunnylven samfunnshus er:
Eivind Louis Helset, leiar og sekretær,
Kristin Storstein, nestleiar
Ragnhild Stadheim, kasserar,
Olav Andreas Sætreås og Barbro Lade, (ny) styremedlemer.

Varamedlemer til styret
Gunn Elise Gjeldsvik (ny)
Egil Røyrhus (ny)
Magnar Hauge

Ettersynsperson / revisor:
Oddbjørg Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380