Hellesylt Ungdomslag planlegg badstu-bygg

Laurdag før påske arrangerer Hellesylt Ungdomslag grendakveld saman med «Dalarane». Men det driftige laget, skipa i 1911 har også andre planar for året.
I eit skriv frå Hellesylt Ungdomslag blir planane for eit nytt bygg, sanitæranlegg med badstu på badestranda omtala.
-Det har vore stor aktivitet og mange badande på badestranda på Hellesylt i år, noko som er kjekt å sjå, og at mange badar i sjøen også i den kalde årstida, skriv laget.
Difor vil no eit sanitæranlegg med badstu bli prioritert, sjølv om det blir eit stort økonomisk løft å få det gjennomført, skriv dei.
Dei håper sjølvsagt på støtte, både økonomisk og med eventuelt arbeid for å få sanitæranlegget realisert.
Badestranda på Hellesylt er ein triveleg stad å kome til både sommar som vinter. På området har barnehagen og småskulen på Hellesylt både pynta og lyst opp epletrea som står på området, oppstasa med figurar som dei har måla så fint, les vi i skrivet.
Og på badestranda har det også blitt gjort filmopptak det siste året, ein film der mange glade badarar er med, bestilt av folkehelsedirektoratet.
-Vi oppfordrar alle i bygda vår til å støtte oss ved å teikne medlemskap i laget, og med det hjelpe oss i det vidare arbeidet for born, unge og vaksne i bygda vår!
Det er viktig med god medlemstilslutning, både for aktiviteten i laget og fordi ulike medlemsordningar vert utrekna etter medlemstal,
skriv Hellesylt Ungdomslag til slutt i medlemsbladet.