Inge Bjørdal attvald som leiar i Storfjordens Venner
Årsmøtet i Storfjordens Venner vart halde i Nilsgarden i Stordal laurdag 16. mars. Det vart endringar i styret for verdsarvorganisasjonen, der Inge Bjørdal held fram som leiar.
Styreleiar Inge Bjørdal kunne ønske vel møtt til rundt 40 medlemer då Storfjordens Venner hadde sitt årsmøte i Nilsgarden i Stordal laurdag 16. mars. Han gjekk kort gjennom aktuelle saker, spesielt om arbeidet med feiringa av 50-årsjubileet i 2025.
Saklista for årsmøtet var dei faste postane, som årsmelding og rekneskap, medlemskontingen og val. I tillegg vart det orientert om fleire aktuelle saker, mellom anna det aktuelle jubileet for organisasjonen som blir 50 neste år.
Val
Inge Bjørdal held fram som leiar i Storfjordens Venner. Med seg i styret har han desse. Arne Furstrand, nestleiar, Kristi Linge Stakkestad, Kjell Martin Ringset, Eva Hove, Irene Tafjord Løvoll, Jens Petter Søvik.
Varamedlemer til styret:
Ann-Iren Høgalmen, Reidar Furset, Merete L. Rønneberg.