Kanskje storslått bryllup på grendakveld
Eit lite klipp på internett fortel at Dalarane har det triveleg, dei er i gong med programmet til årets grendakveld på Hellesylt laurdag 23. mars.
Om vel to veker er det grendakveld på Hellesylt, eit arrangement som samlar folk og til fullsette benkerader på Sunnylven samfunnshus. Denne gongen er det Dalarane som står for program, servering av spekemat, og der det til slutt blir dans med Steinar Engelbregtson Band.
Vi var som mange andre spente på korleis førebuing og øving til grendakvelden 2024 gjekk, og vi tok like godt telefonen og ringde Randi Sæter. Ho er Dalar og vi veit at ho kjenner til arrangementet og dei femten som skal servere moroa frå scena.
Litt ordknapp var ho, men vi fekk likevel vite så mykje at det blir ein ny, triveleg grendakveld i storstova på Hellesylt.
-Du veit, det meste er framleis litt hemmeleg, men vi kan kanskje avsløre litt.
Sist vi hadde program på grendakvelden såg publikum ei dame i brudekjole som venta på sin make. Ho kjem igjen også denne gongen, og om det blir storslått bryllaup på Basecamp Hotel denne gongen, eller om det blir ny utsetjing, ja det får vi sjå.
Og Randi Sæter antydar at det også blir ordrim og krøll, ja mykje greinalaust av ein Tronstad-bonde. Innslaget er ikkje ferdig enno for inspirasjonen til kåsøren kjem fyrst når kvelden nærmar seg, har han sagt.
-Og som mange andre stader minkar vi med folk også fram i Dala, men det blir vel rundt femten på scena laurdag 23. mars, fortel Randi som også lovar mange flotte viser i programmet.
Musikarar har i alle fall grenda for vi har høyrt litt av ei vise frå ein øvingskveld på internett, ei vise der orda -grenda, grenda, grendakvelden- let flott i lag med muntre trubadurar.
Det blir ein triveleg kveld, lovar Randi. -Vi har jobba med innslag og skriving av tekster til sketsjar og songar heilt frå januar. Vi trur det blir bra, seier ho, -for vi er heldige som har folk som vil stå på scena.
Billettar til grendakvelden 2024 blir selde på samfunnshuset på Hellesylt laurdag 23. mars mellom klokka 12.00 – 14.00