Lokalnytt

Klargjorde morokveld med «Dalarane»

Her er arbeidgjengen som rigga scena torsdag. Leiar i HUL Marianne Fivelstad fremst ved scenekanten.

«Dalarane» er alltid ute i god tid. Torsdag vart sceneutstyret rigge i Sunnylven samfunnshus.

Vi har ikkje masa så mykje om kva «Dalarane» har å by på når det blir grendakveld laurdag 23. mars. At det blir bra trur vi på om vi skal dømme ut frå innsatsen med scenerigging torsdag. Det var vanskeleg å få alle med på bilde, for det var mykje som skulle på plass på scena i Sunnylven samfunnshus.

På plass kom det og øvingane på program skulle så halde fram både torsdag og fredag kveld. For laurdag klokka 19.30, då er det alvor, eller kanskje berre moro??
Billettar til programmet, servering og dans blir selde på laurdag mellom klokka 12.00 – 14.00 i vestibyla på Sunnylven samfunnshus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380