Ole Ringdal AS fekk Målprisen for 2024
På Hellesylt Næringslag sitt medlemsmøte denne veka vart Ole Ringdal AS tildelt Målprisen 2024 frå Stranda mållag. God bruk av nynorsk i verksemda var avgjerande for tildelinga.
Fleire frå styret i Stranda mållag var til stades på medlemsmøte i Hellesylt Næringslag torsdag. Der overrakte mållaget målprisen 2024 til Ole Ringdal AS og dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal som tok i mot.
«Tydeleg preg av nynorsk»
Grunngjevinga for tildelinga var klar og tydeleg, og mållaget peika på fleire ting som gjorde bedrifta verdig til prisen.
-Nettsida ber tydeleg preg av at nynorsk er hovudmålet. Det same gjeld språkbruken i firmaet sine annonser og kunngjeringar:
-Vi trur på lokal produksjon, lokal mattradisjon, velsmakande og kortreist mat.
Dette saman med «Kvalitetsmat frå Hellesylt» er slagord for Ole Ringdal AS,-
vart sagt av Mållaget om prisvinnaren.
-Gjennom dialekta nynorsk gjer verksemda seg synleg, ei verksemd som trur på nynorsk, vår eiga dialekt og identitet.
Stranda mållag arbeider for at nynorsk skal brukast av næringslivet. Difor er Ole Ringdal AS eit godt føredøme, vart sagt av Stranda mållag under prisoverrekkinga.
«Nynorsk er morsmålet»
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal tok mot prisen på vegne av bedrifta.
-Vi set stor pris på at vi vart valde som prisvinnarar, og vi er sjølvsagt stolte over at målforma vi brukar blir lagt merke til.
Dagleg jobbar vi for å bli enno flinkare, for nynorsk er eit spanande språker og er blitt viktig for oss i dagleg reklame for våre varer.
Nynorsk er morsmålet for vår bedrift, og det vil vi halde fram med å bruke, sa dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.
Til hellesylt.info fortel Ringdal at bedrifta har eigen språkkonsulent som hjelper med informasjon og designforslag på alle pakningar kjøttvarer.