Lokalnytt

Påskebingo med rekordoppmøte

Det var rekordstort oppmøte då Ski -og skiskyttargruppa i Sunnylven IL arrangerte påskebingo med premiefest for Sunnylvscup på ski 2023 – 24.

Små og store sat tett då påskebingoen til skigruppa vart arrangert på Sunnylven samfunnshus tysdag i påskeveka. Aldri før har så mange møtt fram, noko arrangøren sjølvsagt sette pris på.

Her vart det spela bingo i totalt seks omgongar, og med premiering for sunnylvscup på ski i ein pause med sal av kaffi, kaker, pølse med brød og meir midtvegs i bingospelet.

Største gruppe skiløparar sist vinter og som vart premierte denne kvelden var i alder 8 år og yngre. Men også dei andre var talrike, så totalt fekk rundt 50 – 60 deltakarar premie, ikkje medaljer denne gongen, men ei lita skål av krus. Skåla kan brukast, eller berre vere til pynt.

Før premieutdelinga informerte Magnar Tufte Tyssen frå ski – og skiskyttargruppa i Sunnylven IL, om aktivitet og prestasjonar til idrettsungdom i laget.
Kristine Hjellbakk Hole var tilbake som medlem i klubben, og i vinter hadde ho oppnådd mange gode plasseringar i nasjonale langrenn siste vinter. Mellom anna vart det plass melom dei 30 beste i 30 km. under NM nyleg.

Elias Helset er 19 år og skiskyttar. På slutten av sesongen vart det fleire pallplasser i renn rundt om i landet. Eit godt talent som Tufte Tyssen hadde tru på ville hevde seg også komande sesongar.
Også broren Trym Helset hadde levert fleire gode løp siste vinter, mellom anna deltok han på Sjusjøen i eit nasjonalt renn for 14 – 15-åringar og gjorde det godt.

Det vart applaus frå den fullsette salen for talenta og informasjonen som vart gjeve. Håpet må vere at utviklinga vil halde fram for dei unge skitalenta også til neste vinter, at det blir vellukka renn.
Vellukka vart også påskebingoen for dei driftige arrangørane i ski -og skiskyttargruppa, eit vellukka arrangement med stort frammøte.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380