Lokalnytt

Påskebingo på Sunnylven samfunnshus

Det blir premiering av Sunnylvscupen på ski tysdag i påskeveka.

Tysdag 26. mars blir det påskebingo med spel og premieutdeling for Sunnylvscup på ski 2024.

Som tradisjonen har vore blir det også i år påskebingo og utdeling av blanke premiar for Sunnylvscup på ski siste vinter.
Rundt 60 unge, talentfulle løparar deltok i cuprenna og får sine blanke medaljer i pausen av bingoen.
Sjansen for å få fine premiar for ikkje-cupdeltakarar er også stor denne kvelden. Det er berre å kjøpe bingoblokk og krysse av gjennom hovudspel, ekstraspel, «21», eller lykketal.

Det blir også sal av kaffi, kaker, brus og pølse.
Så set av kvelden 26. mars frå klokka 19.00 og bli med på påskebingoen til Sunnylven IL, ski -og skiskyttargruppa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380